«Eg har aldri sove i ei kyrkje før!»

22.11.2024

Tekst: Liv Marie Hofseth

Ei helg i oktober drog seks elevar og fire lærarar frå austlandsområdet på turtil Steinkjer for å besøkeorgelklubben Maren Margrethe og lærar Kristin Eek. Det var ei tettpakka helg med store opplevingar for alle.

Turen var ein del av Ung musikk si satsing på orgelopplæring, som er støtta av Sparebankstiftelsen.

«Eg har aldri bygd eit orgel før, eller spelt på eit så lite orgel.»

Laurdag morgon bygde vi opp eit Doe-orgel, som vi også skulle bruke i gudstenesta. Det er det minste orgelet vi har sett! Det var også spennande å lære meir om korleis eit orgel fungerer, få sjå på korleis mekanikken fungerer – og ikkje minst å få pumpe belgen.

«Og så laga vi sånn lydgreie når han mannen las tekst.»

Laurdag øvde vi inn ei lydkulisse til tekstlesinga.

Leseteksten for bots- og bønnedag er veldig dramatisk, og vart eit godt utgangspunkt for improvisasjon. Og det vart mykje lyd og engasjement då ti bornimproviserte samstundes på tre ulike orgel. Vi rakk også å halde konsert, og nokre drog ein tur til Sakshaug for å prøve orgelet der.

«Gudstenesta var det gøyaste! Det var gøy når alle spelte.»

I gudstenesta på søndagen var alle elevar og lærarar i sving, på tre orgel. Med god planlegging av repertoar og logistikk var detmogleg å inkludere alle. Nokre av elevane starta å spele orgel tidlegare i haust, andre har allereie spelt mykje på gudsteneste. Nokre spelte åleine, medan dei fleste spelte saman med ein vaksen eller ein annan elev.

Slik fekk alle delta på sine premissar og på sitt nivå, og gudstenestespelinga vart ein fellesskap som alle fekk vere med i. Ei av elevane, som har spelt orgel i to månadar, snakka stolt om at ho hadde fått spele to songaråleine i gudstenesta: både «Benedicamus» og «Amen»

Salmar og liturgi var valt med tanke på dagen, og deretter lagt til rette for elevane sitt nivå. På denne søndagen høyrer litaniet med for mange, og kva er vel då meirnaturleg enn å lage ein «li-tani-kø» ved orgelet så alle får spelt eit omkvede? Frå eit lærarperspektiv var det spennande og inspirerande å få oppleve metodar og opplegg som andre har jobba mykje med, og sjå kor natur- leg elevane tok tak i oppgåvene dei fekk. Denne helga fekk vi verkeleg feire gudsteneste saman.


Elevane oppsummerte det heile med å gje turen karakter 100 000 av 10!